Idylliske og unike La Manga

Den vakre La Manga halvøya kallast ofte for Middelhavets perle, og ligg idyllisk til med Middelhavet på den eine sida og saltvannslagunen Mar Menor på den andre. Krittkvite strender strekker seg milevis ut på begge sider av La Manga halvøya, med krystallklart badevatn. Dette er Costa Calida” den varme kysten”, med behaglige temperaturar sjølv midt på vinteren.

La Manga er ein spennande destinasjon i Middelhavet, med unik geografi i europeisk sammanheng, og mange meiner at La Manga minner om Key West i Florida. La Manga betyr ”arm”, og når man ser flyfoto over La Manga, ser man virkeleg kor spesiell geografien er, kor ”armen” strekk seg ut mellom to hav, Mar Menor og Middelhavet. La Manga er om lag to mil lang, og selv om den kallast ei halvøy, består den eigentleg av ein 3 kilometer lang halvøy, og tre øyar som er henholdsvis ca. ei mil lang, og 6 kilometer lang, og helt i enden av La Manga finner du den siste øya som er om lag en kilometer lang. Dette området heilt i enden av La Manga heiter Veneziola og er kalt opp etter Venezia pga. fleire kanalar og bruer i området. Den unike geografien gjer og at det nesten uansett vindretning er muleg å finne ei strand som ligg i le utan bølger, noko spesielt barnefamiliane sett pris på.

La Manga er for øvrig eit eldorado for alle aktivitetar som nyttar havet, f. eks. dykking, vindsurfing, kite, sportsfiske med meir.

Klima

La Manga gir deg garantert flott sommervær og gode badetemperaturar! Med om lag 320 soldagar kvart år, er La Manga og Murcia den regionen med flest soldagar i heile Europa. Vanlegvis er det kun to til fire regndagar i perioden 1. juni – 1.september på La Manga. Den unike beliggenheten mellom Mar Menor og Middelhavet gjer og at det ikkje blir for varmt i dei varmaste månedane juli og august. Andre stadar rundt Middelhavet kan i denne perioden ha temperaturar som opplevast som ubehagleg varmt, men på La Manga ligg middeltemperaturen på behaglege 29 – 33 grader, som er perfekt temperatur til å nyte late dagar i sola. I ein levekårsundersøkelse utført av verdens helseorganisasjon, WHO blei Murcia regionen kåra til ein av dei beste regionene i Europa, bl.a. basert på det gode klimaet, og at det omtrent ikke er forurensande industri i denne regionen.

Kommunikasjon

La Manga ligg bere 25 minutt frå flyplassen i Murcia, San Javier, som bl.a. trafikkerast av Norwegian og Ryanair. Omlag ein time fra La Manga ligg Alicante flyplass som trafikkerast av Norwegian, SAS, Ryanair, Spanair, AirBerlin og mange fleire selskap.

Spania har eit godt utbygd vei- og jernbanenett, med veldig bra kommunikasjon med resten av Spania og Europa. For eksempel tar ein tur med eigen bil til Madrid knapt fire timar.