Penthouseleilighet på La Manga.

Stor leilighet til leige:over 2 plan

  • 2 store private takterrassar
  • 3 soverom, stove, 2 bad og loftstove som og kan nyttast til soverom
  • Totalt 6 sengeplassar
  • Leiligheita er fullt utstyrt med m.a. vaskemaskin og oppvaskmaskin.
  • Aircondition
  • Varmekablar i alle golv.
  • Norsk fjernsyn.
  • Breiband

Leiligheita går over to plan med terrasse også på første plan.  Praktisk leilighet med god plass og mykje terrasseplass.
Morgonsol på eine sida, og kveldssol på den andre. Takterrassen har sol heile dagen.

50 meter frå basseng – 50 meter frå sjøen (fin sandstrand) og 50 meter frå kjøpesenter. 200 meter til båthamna Tomas Maestre med mange restaurantar.

Denne leiligheita er ein del av “Villas del Frente Marino”, kanskje det aller mest populære området på La Manga. Komplekset består av rekkehus og leiligheter i 3 etasjes blokker, og ligg direkte mot det lille havet Mar Menor. Anlegget har plener og symjeanlegg. Nordmenn utgjer fleirtalet av dei som ferierer her.

Leiligheta ligg ca. 12 km. ut på den 20 km. lange La Manga “stripa”. Næraste storby er Cartagena som ligg ca. 35-40 min. køyretur unna.

Sameiget ligg like ved stranda, og i gangavstand til rundt 25 restaurantar, rett ved eit stort supermarked,  og kun få meter fra norsk kontor med m.a. norske aviser.
Stranda i Mar Menor er svært langgrunen, og difor ideell for barnefamiliar. For dei vaksne er det ca 5 km til La Mangas 9-hols golfbane rett ved Middelhavet.